18.desember
I Hjørneviks store norske leksikon kan man slå opp på Feiring og lese følgende definisjon: Feiring, festens heimstad, utgangspunkt for Noregs første flatfyll. F. har også ei sentral rolle i utstillinga på Drammen museum. Også kjend som feriestaden til Henrik Wergeland.
Men Jon Hjørnevik har mer på samvittigheten enn leksikon med tvilsomme definisjoner. Med tre diktsamlinger bak seg og enda en på trappene har han gjort seg bemerket som humoristisk poet med utallige opptredner bak seg - også med mer eller mindre musikalske innslag.
fra boka "I en sofa frå Korea" har vi fått lov til å gjengi et dikt som passer så fint i denne førjulstid. Og i bygda vår er det mange enkeltmannsforetak rundtomkring - og her er hvordan julebord for slike kan bli..
Men først en hilsen fra forfatteren selv:
Kjære Feiring
Eg må innrømme at eg aldri har vore i bygda dykkar, men eg har vore farleg nær fleire gonger.
Det er heilt sikkert ein kjempestad. Vakkert er det også, der den ligg, med mange kjekke folk.
I og med at den ligg på rette sida Mjøsa, må dette berre vera ein stad det er viktig å kjempa for. Dessutan likar eg stadnamnet. De har rett og slett mykje å kjempa for. Lukke til og god jol.
Med helsing Jon Hjørnevik
Julebord i enkeltmannsforetaket.
Bedrifta var samla,
det var meg og eg.
Eg var der som tilsett,
og sjefen var meg.
Så drakk me og åt,
sjefen og eg.
Eg las eit dikt,
då kosa eg meg.
Sjefen heldt tale,
og skryten fekk eg.
Eg takka for året,
og gav blomar til meg.
Etter desserten
gjekk eg frå bordet,
og drog med meg sjefen
inn på kontoret.
Eg såg meg i augo,
kviskra sjefen i øyra.
Sjefen min smilte,
det er slikt han vil høyra.
Eg er nokså lur,
eg veit kva som trengs.
Eg gjekk opp i lønn,
og fekk sjefen til sengs
(Jon Hjørnevik; "I en sofa frå Korea" 2001)





